Hopp til innhold

Farenivået redusert frå raudt til gult ved Mannen

Søndag føremiddag avgjorde NVE at farenivået for det skredutsette fjellpartiet ved Mannen i Romsdalen skulle settast ned frå raudt til gult.

Rasfare for fjellpartiet Mannen

Rørslene i det skredutsette området har avtatt, og dei evakuerte kan difor flytte heim igjen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det skuldast at rørslene i fjellet har minka, og dessutan at det er varsla kaldt ver framover. Det er og med på å redusere rørslene i fjellpartiet som har eit volum på mellom 120 000 og 180 000 kubikkmeter. Det er omlag ein prosent av det totale volumet av Mannen, skriv NVE på sine sider.

Dei siste dagane har det vore store rørsler i fjellpartiet. Det skuldast i første rekke at det var mykje regn, og for å prøve å framprovosere eit skred pøste dessutan NVE inn store mengder vatn. Det førte til auka rørsler, men det skredet ein håpa på kom ikkje. I går slutta difor NVE å tilføre ekstra vatn.

Både glade og skuffa

Dei 11 personane som bur under Mannen blei evakuerte før helga, men med søndagens prognose og nedjusterte farenivå, kan dei flytte heim igjen. Det har politimeisteren i Møre og Romsdal avgjort.

Også dei som har fritidsbustader i området kan ta desse i bruk igjen. Forbodet mot togtrafikk er og oppheva slik at Rauma-banen kan gjenoppta normal trafikk.

– Det er sjølvsagt bra at dei evakuerte kan flytte heim igjen. Men samtidig er nok både dei og kommunen skuffa over at vi må halde fram å leve i uvissa, seier ordførar Lars Olav Hustad i Rauma.

Lars Olav Hustad

Ordførar Lars Olav Hustad i Rauma må berre vente på neste gong det blir aktivitet i det skredutsette området.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

NVE-rapport ein gong for dag

Han hadde gjerne sett at skredet hadde blitt utløyst, men må berre godta at vassmengdene ikkje var nok. No forheld han seg til det som skjer og må berre vente på at naturen skal gå sin gang. NVE held fram med å overvake situasjonen og kjem til å kome med daglege rapportar om kva som skjer, eller ikkje skjer, med dette fjellpartiet.

No er sjansen truleg over for denne gong, for rørslene har avtatt mykje og er no nede i rundt fem centimeter i døgnet i øvre del, og under ein centimeter i nedre del. Sjølv om dette er relativt mykje, er trenden avtagande rørsler. Kombinert med at det er varsla kaldt og tørt ver framover, er farenivået redusert til gult.

Se utviklingen ved fjellet "Mannen".

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL