Hopp til innhold

Faren tiltalt for mordbrann – liten gut sov i underetasjen

Ein liten gut kunne ifølgje tiltalen mist livet då faren sette fyr på huset i Fræna i fjor vår. Guten berga seg ut, men huset brende ned til grunnen.

Brann på Bergset i Fræna natt til søndag

Ein mann i 40-åra er tiltalt for mordbrann, etter at han skal ha sett fyr på huset der sonen sov i underetasjen.

Foto: tipsar

Ein mann i 40-åra er tiltalt for mordbrann etter at han skal ha tent på sitt eige hus slik at det begynte å brenne i april 2014. Huset brende ned til grunnen, og heile familien på fire fekk berga seg ut i tide.

Men ifølgje tiltalen låg altså guten på fire år og sov i underetasjen av huset, og guten kunne lett ha omkome dersom brannen ikkje blei oppdaga.

Mannen er også tiltalt for å ha slått og sparka sambuaren sin. Han skal ha slått henne i ansiktet, sparka henne i beina og trykt ansiktet mot bakken, slik at ho blei blodig og forslått.

Alvorleg skadd etter brannen

Etterslokking i Fræna

Brannvesenet dreiv ettersløkking i lang tid etter brannen i Fræna.

Foto: Hans Thomas Eikrem

Mannen i 40-åra blei sjølv alvorleg skadd i brannen, og det gjekk lang tid før politiet kunne avhøyre han. Dei tre andre i huset kom fysisk uskadde frå hendinga.

Politiet fekk først melding om vald i huset, og kort tid etter blei det meldt om brann i området. Huset brende etter kort tid ned til grunnen, og fleire nabohus måtte evakuerast på grunn av faren for spreiing.

Les også:

Promille på nytt

I tillegg til mordbrann og vald, er mannen mellom anna også tiltalt for to tilfelle av ruskøyring. Første gongen skal ha skjedd i forkant av brannen, i april i fjor. Deretter blei han igjen pågripen i Fræna eitt år seinare, også då med spor etter alkohol og hasj i blodet.

Saka mot han kjem opp rett over nyttår.