Hopp til innhold

Den milde vinteren kan true frukthausten

Fruktdyrking er ei sårbar næring. På trea kan ein tydeleg sjå at det er like før knoppane spring ut i blomster. Det er ikkje vanleg denne tida på året.

Fruktdyrking er ei sårbar næring. På trea kan ein tydeleg sjå at det er like før knoppane spring ut i blomst.

Sigurd Linge

Fruktdyrkar Sigurd Linge er redd for at frukthausten står i fare.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Fruktknoppar på Linge i Norddal i februar

Knoppane er i ferd med å sprette ut på frukttrea på Linge.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Gunnar Aspehjell i Tafjord

Gunnar Aspehjell frå Tafjord vart overraska då hekken vart grøn allereie i februar.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Men viss det no blir frost er det fare for frukthausten. Fruktblomstring er ikkje eit normalt syn på denne tida av året. Blomstringa startar vanlegvis i mai når temperaturane står høgare på gradestokken.

I fruktbygda Linge i Norddal kommune er fruktdyrkaren Sigurd Linge i gong med å kviste plommetre. Han har over 1000 frukttre på garden sin.

Knoppane skyt fart

Kvisting er ikkje uvanleg på denne tida av året, men bonden ser er at dei høge temperaturane har gjort at knoppane skyt fart.

– Viss det held fram med dei same høge temperaturane så kan blomstringa kome for langt i forhold til årstida. Eg trur at det vil kome frost etter kvart, seier Linge.

Kan øydeleggje for frukta

Fruktdyrkaren har 75 dekar med eple-, plomme-, morelle- og pæretre. Mykje står på spel for ein som lever av å dyrke frukt.

– Eg fryktar tidleg blomstring fordi fruktblomen ikkje vert bestøva skikkeleg. Trea er avhengig av ein viss temperatur for å bli befrukta, seier Linge.

Problemet med fruktblomstring no er at vi ikkje har insekt enda som kan befrukte blomen. Viss blomen ikkje vert bestøva så vil befruktninga bli ufullstendig.

Tidlege vårteikn

Gunnar Aspehjell frå Tafjord seier at bygda har tydlege teikn på vår.

– Naboen min informerte meg om at hekken vår hadde blitt grøn, og det er i alle fall over ei veke sidan. Eg kan ikkje huske at hekken har vorte grøn så tidleg på året, seier Aspehjell.

Den milde våren har gjort at hekken til Gunnar er kledd i store, grøne blad i slutten av februar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL