Hopp til innhold

Her gjekk skredet i Romsdalen

Det regnar, det er mildt og vatnet fløymer ned fjellsidene. I Romsdalen kan Europavegen bli stengd. Her buldra enorme mengder jord, stein og tre ned fjellsida i natt.

Jordskred - Einar Staurseth

Skredet var stort. Grunneier Einar Staurseth studerer skadene.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sjå tv-reportasje:

Video Ras i Romsdalen

NVE har fredag formiddag sendt ut flaumvarsel for Møre og Romsdal. Vassføringa har fleire stader nådd nivå rundt 10-20-års flaum. Elva Driva kan få 50-års-flaum i løpet av fredag/laurdag.

Stor vassføring Romsdalen

Elvane går flaumstore i Romsdalen i dag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Rauma

Rauma har enno ikkje gått over breiddene sine.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
No er Noreg «stengd på midten». Både Gudbrandsdalen og Østerdalen er stengd på grunn av dei store vassmengdene.

Statens vegvesen ber folk lytte til vermeldinga dersom dei skal reise gjennom Romsdalen.

– Elva går ganske stor no. Det er lite å gå på. Dersom elva stig med ein halvmeter er det faretrugande for vegen, seier Per Brandli, overingenør i Statens vegvesen.

– Korleis skal folk forhalde seg til dette?

– Folk må høyre på vermeldinga og på meldingane frå vegmeldingssentralen. Vi informerer vegmeldingssentralen kontinuerleg slik at dei er oppdaterte, seier Brandli.

I store deler landet har det kome ekstremt mykje regn. I Stor-Elvdal blei fleire personar evakuterte frå husa sine. I Nordland blir folk bedne om å sikre verdiane dei har på bakken.

I går gjekk det eit stort jordras like sør for Slettafossen. Ingen personar eller hus blei skadde, med raset var svært omfattande.

– Det kom ned opp mot 500 000 kubikk jord. Det kom også mykje skog ned lia og la seg ned i elva, seier Brandli.

Ein del av skogen ligg no langs elvekanten. Deler av den øydelagde skogen skal ha blitt flytta mange kilometer ned gjennom Romsdalen.

Raset var sjeldant stort, seier Brandli.

Noko av jordmassane hamna i går på Europavegen. Men dette var så pass lite at bilar og folk kunne passere, og det gjekk rimeleg greitt å rydde vegen.

Jernbaneverket har nå sendt ut melding om at det er stans i togtrafikken mellom Lillehammer og Dombås.

Vårflaum Eikesdalen

Den regulerte fossen Breimega på Finset i Eikesdalen står flaumstor.

Foto: Marit-Solveig Finset