Hopp til innhold

Kjem ikkje regnet snart vert Mannen-spyling avlyst

Den fine hausten kan sette ein stoppar for planane om å tilføre ekstra vatn for å få det ustabile partiet på Mannen til å rase. NVE seier at det kan måtte vente til neste år.

Store vasstankar på toppen av Mannen

Tre vasstankar som rommar 40 000 liter kvar står klare til bruk neste gong det blir styrtregn og raudt farenivå ved Mannen.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Alt utstyr står klart for å provosere fram eit skred på fjellet Mannen i Romsdal. Vatn frå store vasstankar skal pumpast inn i fjellsprekkene og sette fart på rørslene. Det er berre ein einaste mangel og det er nedbør. Den fine hausten kan føre til at spylinga må vente til 2018.

– Det har vore diskusjonar i det siste om vi skal starte med spyling før naturen har gått sin gang, men den øvste leiinga i NVE har bestemt at det ikkje skal settast i gang før det er raud beredskap og evakuering. Det kan fort skje at vi må vente til neste år, seier seniorrådgivar i NVE, Kjell Jogerud.

Kjell Jogerud viser hvor vanskelig det er å rive i stykker strømkabelen

Kjell Jogerud i NVE seier at det er vêret som avgjer når tiltaka ved Mannen skal settast i verk.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Reagerer på nedbør

Geologane ser at fjellpartiet reagerer svært mykje på nedbør. Er det regn, aukar bevegelsen i fjellet. Når det er tørt ver, minkar bevegelsen. Tre gongar har innbyggjarane blitt evakuerte under nedbørsperiodar. I oktober 2014 var bevegelsane så store at geologane trudde at skredet berre var timar unna.

– Det er ingen som veit svaret på kor mykje nedbør som skal til. Det vi har sett er at fjellet reagerer fort på regn, seier Jogerud. No på hausten er fjellet meir sensitivt for små mengder nedbør. For to veker sidan var det ei markant auke i bevegelsane etter regnvêr, men fordi vêrmeldingane var gode i dagane etterpå, vart faregraden verande på gult nivå. Dei siste dagane har hastigheita vore gradvis avtakande.

– I fjor var det ikkje akselerasjon utover hausten og det same kan skje no, seier Jogerud.

Ordfører i Rauma, Lars Olav Hustad, ved Mannen på Horgheim

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, vil bli kvitt rasfaren fortast mogleg.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Vil ha det overstått

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad (H) har eit ynskje om at tiltaka vert sett i verk i år, for å sleppe den stadige rasfaren og evakueringane av folk.

– Eg skulle ynskje at vi snart blir kvitt problemet. Vi brukar ein del tid og ressursar på det. Ikkje minst er det utfordrande for dei som bur under Mannen, seier Hustad.

Stressande å bli evakuert

Gunn Walstad Sogge

Gunn Walstad Sogge nyt den fine hausten og har ikkje hastverk med at fjellpartiet skal rase.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Gunn Walstad Sogge er ei av dei som bur i nærleiken av Mannen. Ho er glad for det fine, tørre haustvêret og er ikkje utolmodig etter å få utløyst skredet.

– For vår del er det herleg å få ro. Eg ser ikkje poenget med å starte spyling av fjellet før nedbøren kjem, seier Sogge. Ho driv gard med sauer og seier at det har vore ei stor påkjenning kvar gong dei har blitt evakuerte.

– Det er like mykje stress kvar gong når dyr og utstyr skal flyttast i full fart, seier Sogge.

Vatnet kan fryse

Tre vasstankar som rommar 40.000 liter kvar står klare til bruk på fjellet. I tillegg skal det pumpast opp 9000 liter i timen frå eit vatn i nærleiken. Dess lengre det går utover hausten, dess større er faren for at dette vatnet skal fryse.

– I månadsskiftet oktober/november har tida sprunge frå oss. Det er ikkje usannsynleg at vi kan få mykje nedbør i haust, men sidan dette ligg så høgt, er det ein viss risiko for at det kjem som snø, seier Jogerud.

Dersom planane om vasspyling ikkje vert sett i verk i haust, skal det meste av utstyret stå att i fjellet. Vasstankane vert tømte, medan vasspumpe og straumaggregat vert floge ut.

NVE har løyve til å drive dette prosjektet i tre år framover frå Nasjonalparkstyret.

Se utviklingen ved fjellet "Mannen".