Gass-utbygginga treng mykje straum, og det skal difor byggast ein ny kraftleidning gjennom Hamnneset.
Mot at innbyggarane godtek inngrepet i naturen, får bygda både ny veg og gatelys.
Kravliste innfridd
Det er Istad Nett, Statnett, vegvesenet og kommunane Aukra og Fræna som saman har kome fram til avtalen. Utbygging av ein ny kraftleidning er ofte einstydande med konflikt i bustadområdet, men etter fleire folkemøte kom bygda med ei kravliste som no er innfridd. Gamle kraftleidningar blir no tatt ned, vegen blir utbetra, det same blir vassforsyninga og gatelys kjem på plass. Det var viktig å få kraftleidningen plassert akkurat gjennom Hamnneset.
10 millionar kroner kostar prosjektet som blir fordelt på alle involverte. Rådmann i Fræna, Arne Sverre Dahl, seier OrmenLangeprosjektet var den utløysande faktoren.