Hopp til innhold

Får truleg ferjer i skytteltrafikk til Nyhamna

Aukraordføraren kravde to ferjer i skytteltrafikk når utbygginga på Nyhamna tek til for fullt. Mykje tyder på at han får det som han vil.

Flyfoto av Nyhamna i Aukra
Foto: Svein Roger Ivarsen

Det blir jobba intenst for å sikre Gossen eit betre ferjetilbod når Nyhamnautbygginga tek av for fullt i haust. Aukraordføraren gjekk tidlegare denne veka ut og kravde betre ferjekapasitet med to ferjer i skytteltrafikk.

Les meir:

Og mykje tyder på at det blir som han vil.

– Vi jobbar aktivt med dette no, dette er ei prioritert oppgåve for fylkeskommunen, seier seksjonsleiar Dag Hole i samferdselsavdelinga i fylkeskommunen.

Les også:

Grov skisse i neste veke

Dag Hole

Seksjonsleiar Dag Hole i samferdselsavdelinga seier dei prioriterer arbeidet med å finne ei betre ferjeløysing mellom Aukra og Hollingsholmen.

Foto: Gunnar Sandvik

I neste veke møter leiinga i Aukra kommune samferdselsutvalet, og planen då, er ifølgje Dag Hole, å leggje fram ei grov skisse over korleis ferjekapasiteten skal løysast.

– Vi jobbar med det utgangspunktet at dette skal kunne realiserast, seier Hole, og listar opp alt som må vere på plass etter kvart: finansiering, kontraktar og praktiske ting som fartøy og kaianlegg.

Ventar enorm auke

Ferjesambandet over Julsundet mellom Gossen og fastlandet har i løpet av våren auka trafikken med 17 prosent. Når den omfattande Nyhamna-utbygginga kjem i gang for fullt til hausten, er det venta ein enorm trafikkvekst. Då kan det bli behov for to ferjer i skytteltrafikk.

– Det er viktig at vi tek det på alvor, og vi jobbar no konkret med å greie ut kva handlingsrommet vårt er, seier Hole.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL