NRK Meny
Normal

Får to dagar på seg til å lære å bli politikar

Linda Myrset får to dagar på seg til å lære det viktigaste om kommunepolitikken. Ho er heilt ny i bystyret i Kristiansund, og vedgår at ho skjelv i knea.

Linda Myrset
Foto: Roar Halten

Det er mange nye fjes i lokalpolitikken denne hausten. I Kristiansund er om lag halvparten heilt nye i bystyret. Linda Myrset er ei av dei, og ho seier ho er på tå hev.

– Det er kjempespennande og samtidig skummelt, seier Myrset.

Lynkurs for å trygge folk

Dagfinn Aasen

Dagfinn Aasen seier målet med kurset er å gjere folk så trygge så råd på rekordtid.

Foto: Roar Halten

Måndag var ho saman med resten av dei nye politikarane som skal utgjere bystyret i Kristiansund på todagarskurs. Her skal dei gå gjennom dei viktigaste køyrereglane i det politiske arbeidet.

– Då går vi inn på tema som gjer at nye skal bli så trygge som råd, så fort som råd, seier Dagfinn Aasen, som er dagleg leiar i konsulentselskapet Aasen Rådgivning.

Han strekar under at det ikkje er meininga at dei ferske politikarane skal kunne "alt" når dei går frå kurset, men at dei får ein smakebit av kva som ventar.

– Dei vil jo lære meir etter kvart som møta går sin gang, seier han.

Frå innmelding til bystyreliv

Ei av dei andre som ikkje har lang røynsle frå politikken, er Berit Frei. Under presentasjonsrunden valde ho å seie det akkurat som det er.

– Hei, eg heiter Berit Frei, eg er veldig fersk. Eg melde meg inn i Senterpartiet i mai, og sit her no, og dette skal bli spennande, lo ho.

Må møte allereie tysdag

Folkevalde på møte i Kristiansund

Halvparten av politikarrane i bystyret i Kristiansund er heilt nye i politikken.

Foto: Roar Halten

Allereie tysdag er det formannskapsmøte, og kursdeltakarane får dermed praktisert noko av det dei har lært på kurset.

Linda Myrset seier lokalpolitikarane i Kristiansund går inn i ein viktig periode.

– Vi er på ROBEK-lista, vi står i sjukehussaka og har stor arbeidsløyse. Eg er veldig audmjuk i forhold til den tillita eg og andre har fått. Sjølv om eg skjelv litt i knea, går eg på med godt mot, seier ho.

Det er mykje å setje seg inn i for nyvalde politikarar. I desse dagar får dei opplæring, mellom anna i Kristiansund.