Får ta betalt for tilgang

Eigarane av utsiktspunktet Fjellstua på byfjellet Aksla i Ålesund får no lov til å ta 100 kroner i inngangspengar for tilgang til terrassen på Fjellstua. Det er klart etter at eigarane har blitt einige med Ålesund kommune i eit møte, skriv Sunnmørsposten (krev innlogging). Eigarane av Fjellstua har tidlegare uttalt at dei ønskjer å ta betaling for å møte det store trykket frå mellom anna cruisetrafikken.

Turister oppe på Fjellstua
Foto: Olaug Bjørneset / NRK