Får Statens pris for byggkvalitet

Ulstein Arena får Statens pris for byggkvalitet. Dette er ein heiderspris som skal løfte fram nye bygg som bidrar til å heve, fornye og utvikle byggkvalitet lokalt og nasjonalt. Ulstein Arena består av idrettshall, klatrehall, svømmehall og bibliotek. I grunngivinga til juryen står det mellom anna at Ulstein arena har introdusert ein byggkvalitet og byggskikk som ikkje tidlegare har vore brukt i sentrum.

Ulstein Arena
Foto: Arne Flatin / NRK