Snart 100 fengselsdømde i fylket som står i soningskø har søkt om å få sone heime med elektronisk fotlenke. Ordninga blir tatt i bruk i Møre og Romsdal om tre veker, og er blant dei siste fylka som tar i bruk denne ordninga.
- Les også:
Friomsorgsleiar Annhild Viken Sunde hadde denne veka todagerskonferanse i Molde med aktørane som skal drifte fotlenkeordninga. Mange står i kø, og det er ikkje mogeleg at alle får delta i ordninga.
Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim meiner at soning heime vil redusere fengselskøane.
Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Jan-Erik Sandlie seier at Møre og Romsdal er blant dei siste fylka som tar i bruk ordninga med elektronisk fotlenke.
Ho fortel at dersom dette talet blir høgare så må Friomsorgen også ha fleire tilsette.
Redusere fengselskø
No står rundt 110 i soningskø til fengsela i fylket – Hustad og Ålesund – og påtalemyndigheita trur fotlenke kan vere eit godt alternativ til fengsel.
– Eg ser veldig positivt på denne ordninga fordi den vil vere med på å redusere soningskøane, seier statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.
Ein blir ikkje dømt til å sone heime med elektronisk fotlenke, men dei dømde kan søke om dette tilbodet, og Kriminalomsorgen plukkar ut kven som får lov og ikkje.
Startar i mai
Assisterande direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet, Jan-Erik Sandlie, seier ordninga blir landsomfattande, og at dei er klare til å sette i gong 1. mai.
Han fortel at det tekniske rundt fotlenkeordninga er på plass, og denne veka er dei tilsette på kurs i Molde for å lære regelverk og korleis ein skal bruke det tekniske utstyret.