Astrid Eidsvik (Foto: Brede Røsjø)
Tillitsvald for legane i Helse Nordmøre og Romsdal, Bernd Müller, meiner Eidsvik gir eit viktig signal når ho går inn for å vedta eit budsjett med 37 millionar i minus, stikk i strid med det helsestyresmaktene krev.
– Underfinansiert
Müller synest det er svært gledeleg at det er ein sjukehusdirektør i vår region som tør å tale Roma midt imot og seie at helseforetaket er så underfinansiert i forhold til landsgjennomsnittet at ein ikkje kan få til eit budsjett i balanse no.
Bernd Müller (Foto: NRK)
Håper på fritak
Müller håper Eidsvik sitt utspel fører til at fleire direktørar følgjer etter i tur og orden slik at helseforetaket kan bli fritatt for kravet om budsjettbalanse i år.
Müller meiner at Helse Midt-Noreg no må tøre å ta opp kampen med helsestyresmaktene for å få dei til å innsjå at helseforetaka får for lite pengar å drive for.