NRK Meny

Får seks millionar i tilskot

Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Sunnmøre Friluftsråd, Plastfritt Giske og Fallgard får til saman 6.100.000 kroner frå Miljødirektoratet til å rydde opp i marin forsøpling. Tilskotsordninga er eit tiltak som både skal bidra til førebygging og opprydding av marin forsøpling. Det skriv Miljødirektoratet.