Hopp til innhold

Får nasjonal klyngestatus

Den marine klynga Blue Legasea – med hovudtyngde på Sunnmøre – får status som Norwegian Centre of Expertise (NCE). Det kunngjorde næringsminister Torbjørn Røe Isaksen under ein seremoni i Oslo i dag. Blue Legasea arbeider for auka berekraftig ressursutnytting, verdiskaping og lønnsemd for norsk fiskerinæring og tilgrensande industri. – Dette viser viktigheita av å stå saman og å spele på kvarandre sine styrkar. Her er det snakk om støtte på fem millionar kroner, med krav om at dei sjølv også må satse på dette. Så dette er rett og slett eit klapp på skuldra til bedriftene som har drege gjennom dette prosjektet, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) til NRK.