Får montere turbin i hekketida

Vindkraftmotstandarane på Haramsøya meiner det er beklageleg at Haram Kraft får fullføre arbeidet med turbinane no i juni. Selskapet har søkt dispensasjon for å kunne arbeide like ved eit freda fugleområde i hekketida. Olje- og energidepartementet viser til at prosjektet har blitt forseinka på grunn av demonstrasjonar, og meiner at det er bra for alle om arbeidet no blir fullført. Vindkraftmotstandarane skriv i eit klagebrev at forstyrringar i hekketida kan utløyse ein dyretragedie.

Haramsfjellet
Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto