Hopp til innhold

Får medalje og film i kveld

Krigsveteranen Charles Remø blir heidra. I kveld får han både medalje og eigen film.

Charles Remø

Den unge Charles Remø blir spelt av Tomas Håndlykken i filmen som skal visast i Fosnavåg konserthus torsdag kveld.

Det er stor folkefest i Fosnavåg konserthus i Herøy torsdag kveld. Det heile er til ære for Charles Remø (92), ein av dei få gjenlevande krigsheltane. På festen får han utdelt medalje frå regjeringa for krigsinnsatsen.

Under invasjonen i Normandie var Remø ein av dei første av 60 000 soldatar som invaderte stranda, 6. juni 1944.

– Morfar snakka ikkje om krigen i tide og utide, seier Lisa Leinebø Pinheiro. Ho meiner det er viktig å ta vare på historia før det er for seint.

– Det er mykje å lære av dette, seier barnebarnet.

Charles Remø

Charles Remø har blitt 92 år, og bur på aldersheim i Herøy.

Filmen Krigsseglaren er ein halvtimes dokumentar som inneheld intervju med Remø, der han snakkar om kva han såg og opplevde. Han fortel om torpedering og tøffe kampar.

Det heile er krydra med dramatiserte scener. Tomas Håndlykken frå Ulsteinvik spelar den unge Charles Remø.

Oldebarn og barnebarn

Det er familiemedlemmer til Remø og Tonev Films som står bak filmen. Dokumentaren er laga av Simon Gjerde Tonev (17) og Lisa Leinebø Pinheiro (28), oldebarn og barnebarn av Charles Remø.

Lisa Leinebø Pinheiro

– Dette er viktig historie som må takast vare på, seier Lisa Leinebø Pinheiro, som er ein av filmskaparane. Ho er barnebarn av Charles Remø

Foto: Privat

Regjeringa har i samband med syttiårsmarkeringa for freden i 1945 laga medaljar som blir delte ut til dei som er att av krigsheltar. I Herøy er 92 år gamle Remø den einaste som får slik medalje.

Høvding og offentleg person

Hovudpersonen i filmen og på festen har vore ein kjent person i det offentlege rom. Han var ordførar i Herøy frå 1979 til 1987, og var 16 år i fylkespolitikken.

I fiskeriorganisasjonar blir han omtalt som ein høvding. Han fekk Kongens fortenstmedalje i gull for ti år sidan.

Her hilser organisasjonsleder Charles Remø fra Herøy på kong Harald

2005: Charles Remø helsar på Kong Harald når han skal ta imot Kongens fortenstmedalje i gull. No, ti år etter, får han medalje frå Regjeringa for krigsinnsatsen.

Foto: Knut Falch / NTB scanpix

På folkefesten i Fosnavåg konserthus er det kulturinnslag ved fleire lokale aktørar og kor. Arrangementet er gratis, og ope for alle.

Fredag er det sytti år sidan frigjeringa av landet.

Charles Remø

Blid mann: Charles Remø på tur med aldersheimen i fjor.

Foto: Arne Flatin / NRK