Hopp til innhold

Får likevel sende direkte frå styremøte

Media får likevel sende direkte frå styremøtet i Helse Midt-Norge torsdag. Fleire redaktørar i fylket har kravd dette, etter først å ha fått nei. No snur Helse Midt-Norge i saka.

Hallstein Vemøy

Distriktsredaktør Hallstein Vemøy i NRK Møre og Romsdal stod bak kravet om å få sende direkte frå styremøtet.

Foto: Olaug Bjørneset

Etter ny vurdering har styreleiar Ola H. Strand opna for at media kan overføre direkte frå møtet.

Styremøta i eit helseføretak er etter lova opne, og redaktørane reagerte difor på at det ikkje skulle vere lov å velje korleis dei skulle formidle møtet om ei så viktig sak for fylket.

Tidlegare har NRK strøyma direkte frå styremøta i Helse Møre og Romsdal og avisene har også hatt tilgang til å sende denne straumen direkte.

Helse Midt-Norge seier i svaret sitt at dei vil vurdere frå gong til gong om det skal vere høve til å sende direkte frå styremøta i framtida.