Hopp til innhold

Får lære om yrkesvala i fylket

Alle 10.-klassingane i fylket får møte yrkeslivet når dei no i september deltek på Karrieredagar.

Karrieredagar i Molde

Kanskje blir desse elektrikarar? På Karrieredagane i Molde fekk elevane prøve seg på ein rekke ulike yrke.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

På Høgskulen og Brunvollfabrikken i Molde, får meir enn 900 ungdomar kunnskap om ulike yrkes- og utdanningsvala denne veka.

Ane Nordli Berg og Emma Flo Carlsen

Ane Nordli Berg (t.h)og Emma Flo Carlsen er 10-klassingar på Bergmo ungdomsskole.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det var ganske spennande å høyre om dei ulike retningane, og dei var veldig flinke til å presentere det dei held på med og det dei har valt å studere, seier Ane Nordli Berg

Ho og Emma Flo Carlsen er 10-klassingar på Bergmo ungdomsskule, og har tallause moglegheiter føre seg.

– Det var service, kokkefag, logistikk, økonomi, maritime fag osv. Dei fekk dei ulike yrka til å høyrast gøy ut, seier Flo Carlsen.

– Eg trur det er veldig viktig å få eit innblikk i korleis det verkeleg er i staden for å berre lese om det i brosjyrar og høyre om det i timane på skulen, seier Nordli Berg.

  • Høyr innslaget her:

Skal vise breidde

I perioden 8–30. september kan tiandeklassingar frå heile Møre og Romsdal delta på karrieredagar ulike stadar i fylket. Målsetjinga er at alle avgangselevar skal få eit relevant og levande bilete av utdanningsvegar og arbeids- og karrierevegar i Møre og Romsdal.

Prosjektleder for Karrireredagene, Ann Helen Rødal Dalheim og Arne Akselvoll fra Brunvoll

Prosjektleiar for Karrieredagane, Ann Helen Rødal Dalheim og Arne Akselvoll frå Brunvoll.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Det er fantastisk å sjå kor interesserte og nysgjerrige ungdomane er og kor dei veks ved å delta på dette, seier prosjektleiar for Karrieredagane Ann Helen Dalheim.

Karrieredagane skal gi dei unge ein sjanse til å finne ut meir om korleis utdannings- og arbeidslivet i eigen region er bygd opp og organisert

Arrangementa skal vere ein motivasjonsfaktor for å få ungdom til å velje utdanningsretning og yrke som finst i eigen region.

Det skal også gi elevane betre kjennskap til utradisjonelle yrkes- og karrierevegar på tvers av kjønn og etnisk bakgrunn

– Eg er sikker på at dette har god nytte for elevane, for dei karrierevala dei skal gjer seinare i livet og for næringslivet her i regionen, seier Dalheim.