Hopp til innhold

Får kurs i å fakke PC-syndarane

Ei datamaskin kan vere til veldig hjelp i undervisninga. Går ein elev trøytt kan derimot skuleoppgåver gli over i dataspel eller Facebook. No skal lærarane bli flinkare til å kontrollere bruken.

PC på skulen

PC-bruk i undervisninga kan by på problem for lærarane. Her sit elevar frå Helse- og oppvekstlinja ved Sunndal Vidaregåande skule med PC-ane sine.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det går berre éin veg, og det er at det stadig blir færre bøker i skuleopplæringa. Datamaskina er for lengst innkorporert, og elevane er nærmast fullstendig avhengig av PC-en.

– Eg sit eigentleg på dataen frå klokka åtte om morgonen til når eg legg meg. Eg blir ganske lei på skulen, så eg prøver å finne på andre ting.

Det seier Ann-Mari Sæther Sunde. Ho er elev i 2. klasse på Sunndal vidaregåande skule, der ho studerer på Helse- og oppvekstlinja.

Og problemet er tidvis stort. Ein går fort lei på skulen, og med nokre få klikk er ein inne på Facebook eller midt inne i eit kjekkare dataspel.

Ann-Mari Sæther Sunde

Ann-Mari Sæther Sunde fortel at ein fort glir over på andre ting enn undervisninga når ein sit på PC-en heile dagen.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Gratis vidareutdanning

Bruken av både datamaskiner og nettbrett kan vere svært vanskeleg for ein lærar å kontrollere konstant.

Det vil utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune gjere noko med.

Dei har starta opp eit vidareutdanningstilbod der lærarar får lære korleis dei skal bli tryggare på den digitale undervisninga.

– Eg trur at eg blir mykje tryggare på meg sjølv i forhold til å vite kva tid eg skal seie «nok er nok, ut av Facebook», seier Ingunn Haugen.

Ho er lærar på Sunndal vidaregåande skule og har byrja på det gratis vidareutdanningstilbodet.

Ingunn Haugen

Ingunn Haugen, lærar på Sunndal vidaregåande skule, håper at gratis vidareutdanning kan gjere den digitale undervisninga betre.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Strenge reglar i forhold til digital undervisning i klasserommet er alfa og omega, meiner læraren.

Ikkje berre negativt

Ein stor del av problemet er ofte at elevane kan langt meir om det nye innan data.

18-åringar i dag veit korleis både ein ny PC og internett kan brukast til fulle. Det gjer ikkje alltid lærarar i 40-, 50-, og 60-åra.

No håper både fylkeskommune og lærar Haugen at tryggleiken kan kome gjennom kursing.

I tillegg veit ho at sosiale medium kan vere til god nytt i undervisninga.

– Vi har eigne etablerte grupper på Facebook der eg kan nå elevane tvert, avsluttar læraren.

Kva tenkjer du om bruk av PC og internett i skulesystemet?

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL