Hopp til innhold

Får kritikk frå helsetilsynet

Statens helsetilsyn slår fast at ein pasient ikkje fekk god nok hjelp då dei pårørande tok kontakt med legevakta i Kristiansund. Helsetilsynet slår fast at operatørane ikkje gjorde nok for å finne ut i kva tilstand pasienten var i, før dei avviste han. Mellom anna konfererte dei ikkje med lege, slik dei burde ha gjort. Kommunen har heller ikkje ført god nok journal frå hendinga. I eit brev til fylkesmannen kjem det fram at kommunen har innført nye rutinar for å bøte på manglane.