Får kritikk av PFU

Pressens Faglege Utval (PFU), som er klageorgan for norske medier, har frikjent NRK på ei rekkje punkt i ein klage, men meiner NRK handla kritikkverdig i ein reportasje der foreldra til ein avdød baby kritiserte ein barnelege. Sjølv om utsegnene kan seiast å vere del av den løpande debatten om saka, meiner PFU NRK burde latt barnelegen svare på dette i reportasjen.