NRK Meny
Normal

Får kritikk av Helsetilsynet

Ein døgnseksjon ved det distriktspsykiatriske senteret i Volda får kritikk av Helsetilsynet for å ikkje sikre fagleg forsvarlege tenester til pasientar med sjølvmordsåtferd.

Tilsyn DPS søre sunnmøre

Ein døgnseksjon ved det distriktspsykiatriske senteret i Volda får kritikk.

Det går fram av ein tilsynsrapport frå Helsetilsynet.

Avviket blei avdekt under ein systemrevisjon i haust. Revisjonen skulle undersøke det sjølvmordsførebyggjande arbeidet til verksemda, og om dei sikra forsvarlege tenester ved vurdering av risiko for sjølvmord.

Bakgrunn for tilsynet var fleire varselsaker frå regionen som handlar om sjølvmord og sjølvmordsforsøk i perioden 2009–2014.

I vurderinga understrekar fylkesmannen kor viktig det er å førebygge sjølvmord og sjølvmordsforsøk blant pasientar i psykisk helsevern.

Brot på fleire punkt

I tilsynsrapporten er det funne fleire punkt som Helsetilsynet meiner døgnseksjonen må utbetre.

Blant anna har det vore brot på lov om spesialisthelseteneste, føreskrift om journalføring og internkontroll. I rapporten står det også at verksemda ikkje har lagt fram gode grunnar for å avvike frå retningslinjene.

Helsetilsynet trekkjer fram uvisse rundt rollenivå og rollefordelingar, uklare krav om rapportering til leiinga og lite tilbakemelding til tilsette. Vidare peikar tilsynet på mangelfull opplæring og undervisning, manglande journalføring, at den faglege verksemda er lite styrt og at den enkelte sjølv må vurdere og konkludere i ulike saker.

Tilsynet legg også vekt på at verksemda ikkje har gjennomført internrevisjonar, journalkontroll eller andre stikkprøver av praksis.

Har sett i gong tiltak

Klinikksjef Ketil Gaupset seier at dei alt har sett i verk tiltak for å betre dei områda som tilsynsrapporten peikar på.

– Vi tek tilsynet på det største alvor og arbeidar no med å fylle dei krava som vi har fått, seier han.

Gaupset vil likevel vektlegge at tilsynet var eit systemtilsyn.

– Det er ikkje pasientbehandlinga vi har fått merknad på, men systemet rundt det og dokumentasjon, seier han.

Han meiner pasientane ved døgnseksjonen ikkje har lidd skade som følgje av avviket.

– Vi har ingen indikasjon på at dette avviket har gått utover pasientane og behandlinga av dei, seier Ketil Gaupset.