Hopp til innhold

Får internasjonal merksemd

Stadig meir laks lever lenger av livet sitt i lukka anlegg. Og når fisken ikkje lever i sitt natulige miljø i sjøen, krev det at ein klarer å lage eit godt klima i anlegga. Noko dei har fått til ved det globale utviklingssenteret for fiskeoppdrett og vassbehandling i Ålesund. No satstar dei internasjonalt. – Vi har tilsett folk som skal arbeide mot den internasjonale marknaden, slik dei kan ta i bruk produkta som er utvikla i Ålesund, seier leiar for senteret Tore Jakob Reite.