Får ikkje ny behandling

Ein Bandidos-medlem får ikkje fremja anken etter at han blei dømt for drapstruslar mot ein sunnmøring, har Gulating lagmannsrett bestemt. Bandidos-medlemmet blei før jul dømt til fengsel i eitt år og fire månader for å ha forsøkt å hindre sunnmøringen i å forklare seg i samband med ei grov valdtektssak. Forsvararen meinte domen var for streng, men retten kom til at avgjerda var rett og vil difor ikkje behandle saka ein gong til.