NRK Meny
Normal

– Får ikkje kastrere Piggen (5)

Piggen er ein geitebukk som har budd på Hakallegarden sidan førre sommar. Gardsdrivarane fekk avslag frå Mattilsynet om å kastrere bukken, og difor står Piggen i fare for å miste livet.

Geitebukk på Hakallegarden

Geitebukken Piggen (5) fekk avslag på kastrering, og må kanskje bli avliva. Difor håper drivarane av Hakallegarden at nokon andre vil ta over bukken.

Foto: Hakallegarden

aina moldskred krakset og olav krakset

Aina og Olav driv Hakallegarden saman.

Foto: Privat

Hakallegarden i Vanylven kommune er ein opplevingsgard for barn og andre som vil treffe kaninar, sauer og eksotiske dyr som knapt finst andre stadar i Noreg. I sommar fekk Hakallegarden ein ny bukk, men no kan det sjå ut som det vert slutten for Piggen (5).

Aina Moldskred Krakset, som driv garden, fortel at bukken er snill men at han kan stange inn i gjerda, og difor kan Piggen virke skummel for barna. Krakset vil kastrere bukken slik at han blir rolegare. Men så enkelt er det ikkje.

– Vi søkte til Mattilsynet om å få kastrere Piggen, men vi fekk avslag fordi han er for gammal. Dei meiner at kastrering ikkje vil gjere noko utslag. Vi har andre bukkar som er kastrerte, og når ein bukk ikkje er kastrert luktar det sterkt og han stangar inn i gjerda når han ser damer, seier Krakset.

Kan bli avliva

Når den damegale bukken blir i overkant oppspilt kan han øydeleggje ting rundt seg. Krakset fortel at det er vanskeleg å ha ein bukk som stangar inn i gjerda når det er barn på besøk. No er avliving neste alternativ. Difor ønskjer ho at nokon andre vil ta over bukken.

– Eg syns at det er dumt at det skal vere slik. Eg meiner at vi kan prøve kastrering for å sjå om det faktisk fungerer. Det er vanvettig at Piggen må bøte med livet utan at vi faktisk veit om kastrering vil gjere utslag eller ikkje, seier gardsdrivaren.

Krakset har vore i kontakt med fagfolk som meiner at ein bør prøve å kastrere.

Mattilsynet har ikkje nok kunnskap

Elisabeth Schei-Berg

Elisabeth Schei-Berg, fungerande regiondirektør i Mattilsynet, region Trøndelag, Møre og Romsdal.

Foto: Kjell Løvik

Elisabeth Schei-Berg, regiondirektør i Mattilsynet i Trøndelag og Møre og Romsdal, seier at dei ikkje rådar å kastrere geiter fordi det er vanskeleg å dempe smerta.

– Vi har ikkje nok kunnskap om smertelindring og bedøving for geiter, og det er difor ikkje råda å kastrere geiter i heile Europa, seier Schei-Berg.

Ho fortel at det må vere noko heilt spesielt viss dei vel å godkjenne kastrering av bukkar, og seier at det er grunna i godt dyrevern. Ho meiner at beste løysing er difor at nokon andre kan ta over bukken.

– Det er ikkje garantert at gamle bukkar endrar oppførsel etter kastrering. Men det er ein stor sjanse for at han vil få langvarig smerte. Difor meiner vi at det ikkje er grunnlag for å kastrere når vi ikkje veit om det vil ha noko effekt, seier regiondirektøren.