NRK Meny

Får ikkje halde fram i Fortuna

Magne Elde er sjokkert over at han ikkje får halde fram som trenar og dagleg leiar i Fortuna Ålesund, skriv Fjordenes Tidende. Elde er inne i sitt tredje år i klubben, og kontrakten går ut ved årsskiftet. Klubbstyret skriv i ei pressemelding at dei ønsker å sjå etter andre løysingar. Ei runde før slutt er Fortuna nummer fire på tabellen.