NRK Meny
Normal

Tina føler seg lurt av Høgskulen i Volda

Åleinemora frå Tromsø, Tina Nordøy, søkte seg til Volda for å bli kunst og handverkslærar. No får ho ikkje fullført utdanninga.

Tina Nordøy

Tina Nordøy hadde planlagt å bu fire år i Volda saman med sonen Elias, for å bli kunst og handverklærar. No får ho ikkje plass på sisteåret.

Foto: privat

Dei siste tre åra har Tina Nordøy vore student i Volda der ho har tatt ein bachelor i kunst og handverk og musikk. Grunnen til at ho søkte seg til Sunnmøre var at dei også kunne tilby praktisk pedagogisk utdanning, slik at ho kan undervise i faget. No må ho legge om planane, fordi ho ikkje får plass på studiet. Det er 378 søkjarar til 100 plassar.

– Eg er heilt fortvilt. Kva skal eg gjere no? Skal eg vente i eit år og sjå om eg kjem inn? seier Tina.

Føler seg lurt

Ho er åleinemor til ein sju år gamal gut og hadde planar om å gjere ferdig utdanninga i Volda og så flytte heim til familien i Tromsø. Det var også det ho fekk informasjon om då ho søkte seg til Volda, at ho kunne gjere seg ferdig på fire år.

Høgskulen i Volda har prioritert å gi mastergradstudentar og dei med allmennefag som matematikk og samfunnsfag plass. Tina føler seg lurt. Det er få andre stader i landet som kan tilby praktisk pedagogisk utdanning i hennar fagkombinasjon.

Reglane vert endra

– Det har blitt så mykje rot i utdanningane. Du kan søke deg til ein plass og ikkje få fullføre fordi reglane har blitt endra undervegs, seier Tina.

No har ho søkt om studieplass på Notodden, sjølv om det ikkje er det ho inst inne ynskjer. Det betyr at ho og sonen må dra frå kjende omgivnader i Volda og flytte for dette eine året, før dei drar nordover.

– Eg føler at eg sit att med skjegget i postkassa, seier Nordøy.

Populært studie

Gonnie Smith er studieleiar ved Høgskulen i Volda og ho forstår at studentane vert fortvila. Praktisk pedagogisk utdanning har vorte mykje meir populært dei siste åra. Før var det ikkje vanskeleg å kome inn, medan høgskulen no lyt prioritere kven som skal få plassane. Å opprette fleire studieplassar er ikkje aktuelt.

– Det er eit krevande studie med praksisplassar, så vi kan ikkje tilby meir enn desse 100, seier Smith.