Hopp til innhold

Får ikkje byggje om orgelet

Det kan berre brukast originaldelar når orgelet i Ålesund kyrkje skal restaurerast. Det slår Riksantikvaren fast etter at kyrkjeverja har klaga på vedtaket om å verne orgelet.

Orgel, Ålesund kirke.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ålesund kyrkje feirar 100-årsjubileum i 2008 og er no under oppussing. I samband med dette ville kyrkjeverja skifte ut ein del av mekanikken i orgelet med moderne delar. Det set no Riksantikvaren ein stoppar for.

Orgel, Ålesund kirke

Orgelpiper, Ålesund kyrkje

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

- Vi får ikkje gjort det arbeidet vi hadde tenkt å gjere, seier kyrkjeverje Atle Sandnes. - Riksantikvaren krev at vi skal bevare mekanikken i orgelet. Vi får skifte ut det som er slite og øydelagt, men berre med nye delar av same sort. Men vi satsar på at vi skal få orgelet i topp stand til jubileumsfeiringa neste år, seier han.

Orgelet i Ålesund kyrkje er i dårleg stand, og blant andre kantor Jostein Maude i Ålesund og biskop Odd Bondevik har gått inn for ei grundig renovering.