– Eg vart så glad at eg begynte å grine

Torkil Sandholt Aarflot og andre volleyballtalent får likevel begynne på ToppVolley i Rogaland etter at fylkeskommunen no snur i saka.

Volleyball

Volleyballtalenta Torkil Sandholt Aarflot (i raudt) og Sverre Fure (med nummer sju på ryggen) får likevel starte på ToppVolley ved Sauda Vgs til hausten. Bildet er teke ved eit tidlegare høve.

Foto: Jon Terje Fossland
Sverre Fure, Regine Berg-Rusten, Torkil Sandholt Aarflot

Sverre Fure, Torkil Sandholt Aarflot og Regine Berg-Rusten har alle gjort det svært skarpt innan volleyball. Blant anna vart Fure kåra til beste oppleggar og mest verdifulle spelar i krets-NM i 2013, medan Aarflot vart kåra til beste libero i 2013 og 2014.

Foto: Rune Aarflot

– Då eg fekk beskjeden så ropte eg først veldig høgt og skreik. Deretter begynte eg faktisk å grine fordi eg vart så glad, ler Torkil Sandholt Aarflot.

– Det høyrest litt pinglete ut, men eg gjorde faktisk det. Så kom pappa springande og han begynte også å rope. Det var veldig gøy, fortel han vidare.

– Så det er stort for deg dette?

– Det er det største som har skjedd meg!

Sa først nei

Anna Haram

Anna Haram frå Skodje er blant dei fire som får innvilga gjesteelevsgaranti i aller siste liten. Det bekrefter inntaksleiar Jane Anita Aspen.

Foto: Privat

Aarflot, samt tenåringane Sverre Fure og Regine Berg-Rusten frå Volda og Anna Haram frå Skodje, fekk nyleg tilbod om studieplass ved ToppVolley på Sauda vidaregåande i Rogaland. Linja er eit landsdekkjande tilbod til alle som ønskjer å satse på volleyball jamsides med ordinær skulegang.

Sjølv om dei fekk ja frå toppidrettslinja, fekk dei likevel avslag frå fylkeskommunen fordi dei ikkje hadde sendt inn søknad om såkalla «gjesteelevsgaranti» i tide. For å få finansiert skulegangen, må nemleg søkjarar sende inn dokumentasjon av idrettslege prestasjonar innan 1. april. Men på grunn av inntaksprosedyrane i Rogaland var det først nyleg at inntaksseksjonen i fylkeskommunen fekk vite om søknadane.

I avslagsbrevet fekk ungdommane også beskjed om at det dessutan finst gode idrettslinjer i eige fylke.

– Det er ingen tilbod i Møre og Romsdal som kan måle seg med det ToppVolley har, var kommentaren til ungdommane om den argumentasjonen.

Artikkelen held fram etter bildet.

ToppVolley-elevar

Torkil Sandholt Aarflot, Sverre Fure, Regine Berg-Rusten og tvillingane Simon og Herman Hjertvik frå KFUM Volda skal alle gå på volleyball-linja ved Sauda Vgs til hausten.

Foto: Rune Aarflot

Snur i saka

Ungdommane vart svært lei seg og frustrerte over avslaget. Eit stort engasjement på sosiale medium og medieomtale hos lokalavisa Møre og NRK, gjorde at fylkeskommunen brått snudde i saka.

– Ein skuleplass står ikkje for alltid. Det var ein viss tidsfrist før skuleplassen min skulle til å gå til ein anna, fordi det er mange som står på venteliste. Då måtte ting skje fort, og fylkeskommunen fekk køyrt seg ganske hardt, forklarar Aarflot.

Sverre Hollen

Fylkesutdanningssjef Sverre Hollen seier problemet ligg hjå rutinane til Rogaland fylkeskommune og lovar å rydde opp til neste år.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

«No når søknaden og dokumentasjonen er motteke og vurdert, har fylkesutdanningssjefen innvilga gjesteelevsgaranti slik at dei får plass på Sauda vgs.», står det og lese i pressemeldinga som vart sendt ut måndag føremiddag.

– Eg synest det er utruleg bra av fylket å gå imot sine regelverk og at dei tok vår side til slutt. Det heile var jo berre ei stor misforståing, seier volleyballtalentet.

Lovar å rydde opp

Sverre Hollen, utdanningssjef i Møre og Romsdal, lovar no å sørge for at noko tilsvarande ikkje skal skje igjen.

– Av alle fylke i landet er det berre mot Rogaland at vi har denne problemstillinga. Vi skal no rydde opp med dei, seier han.

Han meiner Rogaland må endre prosedyrane sine, slik at tidsfristane vert like for søknader og studietilbod vert like for alle i landet.

Inntaksleiar Ståle Wold i Rogaland fylkeskommune vedgår at det har skjedd ein glipp, og lovar bot og betring til neste år.

– Dette kunne ha blitt unngått dersom informasjonen frå søkjarane hadde blitt sendt over til Møre og Romsdal før opptaket i mai/juni. Frå neste år av vil vi nok gjere det slik, seier han.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.