Får frakte turistar til Grasøya

Fylkesmannen gir Flø Feriesenter lov til å frakte turistar med båt til Grasøya. Søknaden som no er innvilga av miljøvernavdelinga hos fylkesmannen, gjeld dagsturar til fyret i perioden 1. juli til 15. august. Løyvet gjeld frå neste sommar og i tre år framover. Grasøya ligg i Runde fuglefredingsområde. Av omsyn til fuglelivet er det eigentleg forbode med all ferdsel og ilandstiging frå båt i fredingsområdet frå 15. april til 15. august, skriv Vikebladet (krev innlogging).