Hopp til innhold

Mobilapp guidar turistane over fjorden

Turistar som tar ferje over Geirangerfjorden og Nærøyfjorden får no informasjon om alt dei ser på sitt eige språk.

Geiranger med Homlung
Foto: Thorberg, Erik / SCANPIX

Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er begge verdsarvområde og ynda turistmål. På ferjene som vert drivne av Fjord 1 får turistane informasjon om det dei ser undervegs over høgtalaren.

Mobilapp

Denne appen skal gjere det enklare for turistane å fylgje med på turen over fjorden.

Men no lanserer ferjeselskapet også ein mobilapp på 12 ulike språk. Der skal utlendingane få vite meir om gardane dei passerer, fossefall, dyreliv og botanikk. Tanken bak er ay turistane sjølv får velje kva dei vil ha av informasjon og når.

LES OGSÅ:

– Å sitje å velje i staden for å måtte følgje med på høgtalarane heile tida, gjer at du kan nyte opplevingane når du sjølv føler du har tid, seier prosjektleiar Bård Huseby i Fjord1.

Det er IT-selskapet Rocketfarm som har utvikla applikasjonen. Og dei har lært ein heil del undervegs.

– Gjennom prosjektet har eg sjølv lært mykje om herleg lokalhistorie som ligg rett utanfor døra vår. Det er vel verdt å ta ein kikk spør du meg, seier Halvor Gregusson, som er dagleg leiar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL