NRK Meny
Normal

Får fiske meir lodde

Fiskeflåten får truleg ta opp meir lodde enn det låg an til. Russiske forskarar har funne meir lodde aust og nord i Barentshavet.

Loddefiske Eros 3

Loddefiske på Eros. Kvotane er reduserte i forhold til tidlegare. Men ikkje så mykje som det låg an til først.

Foto: Eros

Det er det internasjonale havforskingsrådet ICES som no har kome med sine råd. Dei går inn for at det kan hentast opp 65.000 tonn lodde i Barentshavet neste år.

Ifølgje Fiskebåt inneber dette ein norsk kvote på 39 000 tonn lodde.

Loddefisket får imidlertid langt mindre omfang enn det som har vore tilfellet dei siste åra. I forhandlingane i St.Petersburg tidlegare i år blei kvoten sett til 15 000 tonn.

Seinare kom det nye opplysningar frå russiske forskarar. Dei hadde funne meir lodde nord og aust i Barentshavet.

Kvotane for neste år er uansett sterkt reduserte i høve til dei siste året. I 2013 er kvoten på 200.000 tonn, året før på 320.000 tonn og i 2011 på 380.000 tonn.