Hopp til innhold

Får fiske 14 % meir makrell neste år

Noreg, EU og Færøyane har i dag skrive under kvoteavtalen for makrell neste år. Kvoten er på 1 020 000 tonn. Det er 14 % meir enn i 2016.

Makrellavtale

Her blir avtalen inngått i Clonakilty i Irland i Irland.

Foto: Sjømat Norge

Forhandlingane blei haldne i Clonakilty i Irland. To dagar brukte delegasjonane på å bli samde.

– Avtalen er i tråd med anbefalinga frå Fiskarlaget og Fiskebåt. Situasjonen for makrellbestanden er svært positiv. I tillegg er det svært god rekruttering til bestanden, seier administrerande direktør i organisasjonen Fiskebåt til nettstaden fiskebat.no.

Også fiskeriminister Per Sandberg (Frp) er nøgd med den nye avtalen.

– Det er positivt at makrellbestanden er i god forfatning og at vi har grunnlag for å setje ein høgare kvote enn i 2016, seier Per Sandberg.

Makrellfisket er eit av dei store fiskeria i Noreg, og mykje av makrellen går til eksport.

Det er positivt at det er grunnlag for å auke makrellkvoten til neste år. Det er også godt at trepartsavtalen mellom Noreg, EU og Færøyane er ført vidare, seier fagsjef i Sjømat Norge, Kyrre Dale.

Island, Russland og Grønland står framleis utanfor avtalen. Men i avtalen mellom dei tre partane er det sett av 159 275 tonn (15,6%) til desse. Ifølgje organisasjonen Fiskebåt har Island, Russland og Grønland dei siste åra fiska meir makrell enn dette.

– Vi skulle gjerne ha hatt dei med i dette samarbeidet. Men til no har krava frå desse partane vore for høge til at dei kan tre inn i avtalen, seier Dale.

Kvoten er fordelt med 503 245 tonn til EU, 229 821 tonn til Noreg og 128 655 tonn til Færøyane.