NRK Meny
Normal

Fraktar bilar til og frå Todalen frå måndag av

Surnadal kommune har bestemt seg for å gå for Harstad-selskapet Seaworks. Dermed vil det bli mogleg å få inn og ut bilar frå Todalen allereie på måndag.

Skyssbåt Todalen

Første skyssbåt frå Todalen gjekk i dag klokka 12. No håper innbyggjarane at også bilar og lastebilar snart kan fraktast fjordvegen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Surnadal kommune har bestemt seg for å gå for tilbodet om å sette inn eit landgangsfartøy frå Harstadselskapet Seaworks.

– Per i dag tilbyr vi transport av passasjerar, men vi jobbar også på spreng for å få på plass eit tilbod til bilar og lastebilar, seier varaordførar i Lilly Gunn Nyheim i Surnadal kommune.

Over helga

No ser det derimot ut for at det vil bli fortgang i prosessen, og ei ferje kan vere på plass allereie over helga.

Innbyggjarane i Todalen mista einaste vegen inn og ut av bygda i eit stort steinras på tysdag. Utan moglegheit til å hente og frakte varer vil situasjonen for kunne bli tøff spesielt for bøndene og møbelfabrikken i den isolerte bygda. I går vart det avklart at Fjord1 ville kunne få på plass ei ferjeløysing innan to veker, noko som ville har vore i lengste laget.

Uventa tilbod frå Forsvaret

Opprydding Todalen

Raset førte med seg store tømmerstokkar ut i fjorden. Kystverket er no i full gong med opprydding av Todalsfjorden slik at båttrafikken lettare kan ta seg fram.

Foto: Kystverket

På eit møte i formiddag var det to alternativ som vart drøfta. Det eine var då frå Seaworks, og det andre tikka inn frå Forsvaret i dag tidleg. Nyheim er spesielt overraska over sistnemnde.

– Vi tok kontakt med Forsvaret berre timar etter raset. Vi vart då oversett. Dei sa at dei hadde slutta å tilby slike tenester og at dei hadde seld utstyret sitt. No er det dei som tek kontakt med oss og tilbyr hjelp, så det er tydeleg at dei ikkje har orden internt i organisasjonen, seier ho.

Kaptein Dag-Thore Nerheim i ingeniørbataljonen var den som tok kontakt i dag tidleg.

– Dette er i utgangspunktet utanfor bistandsinstruksen til Forsvaret. Eg såg hendinga i nyheitene, og såg dette som ei god moglegheit som opplæring for av soldatane våre. Derfor tok vi kontakt, men altså då som del av opplæringa i vår bataljon, forklarar Nerheim.

Treng ikkje kai

No er det altså avklart at det vert fartøyet til Seaworks som vann anbodet. Landgangsfartøyet som no er på veg frå Harstad skal også kunne frakte tungtransport.

– Fartøyet treng ikkje kaifasilitetar og treng lite djupne for å kome seg til land. Båten har ein eigen lem som vert lagt på land og som også tunge lastebilar kan køyre på, seier Oddvar Rundereim som er administrerande direktør i Seaworks.

Landgangsfartøyet skal også ha vore med på liknande oppdrag, mellom anna då det gjekk ras i Balsfjord i Troms. Rundereim seier fartøyet vil vere på plass i Todalen seinast måndag føremiddag.