Får dotrengde turistar inn i hagen

Lokalbefolkninga i Geiranger slit med turistar som går på do i hagane og utanfor husa deira.

Turistane tissar i hagane i Geiranger

Turistane er kreative for å sleppe lange dokøer og enkelte bebuarar opplever å få besøk i hagane sine. Synnøve Maråk har utsikt mot parkeringsplassen og ser at folk går bak bilane for å tisse.

Foto: Synnøve Maråk

Geiranger, som er ein av verdas største turistdestinasjonar, får besøk av tusenvis av turistar kvart år. No skapar dotrengde turistar problem i den vesle bygda i Stranda kommune.

– I går hadde vi tre, fire tilfelle av turistar som prøvde å gjere frå seg på området rundt huset vårt. Det heile toppa seg då ein av dei gjekk opp på plattingen vår for å gå på do, seier Monja Mjelva.

Ho er ein av dei fastbuande i Geiranger som for tida må jage vekk turistar frå eigedomen sin, og ho er ikkje aleine. Mjelva meiner at situasjonen illustrerer behovet for betre toalettfasilitetar i Geiranger.

– Eg trur dette viser at det er eit behov for fleire og betre skilta toalett i Geiranger, seier ho.

Også Synnøve Maråk er vitne til at turistar er kreative for å gjere sitt fornødne. Om ikkje dagleg, så ser ho ofte turistar som tissar bak bilane på parkeringsplassen i sentrum.

Skal få meir skilting

Også i fjor skapte få toalett lange dokøar i Geiranger.

Katrin Blomvik

Katrin Blomvik ved Fjordsenteret i Geiranger seier at dei skal skilte betre.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Katrin Blomvik, direktør ved Fjordsenteret i Geiranger, fortel at dei nyleg oppgraderte senteret sitt med ein rekke nye toalett.

– Nokre av dei er til og med døgnopne, så turistane har gode moglegheiter til å nytte seg av fasilitetane våre, seier ho.

Mæland fortel at dei har sett i gong tiltak for å betre skiltinga i området.

– Vi fekk ei melding i går om at nokre av turistane har problem med å finne fram til toaletta. Vi skal bestille nye skilt neste veke, og håpar å ha dei på plass nok så snart, seier ho.

Vil utbetre forholda

Fungerande rådmann i Stranda, Steinar Belsby, innrømmer at toalettsituasjonen i Geiranger ikkje er optimal.

Brannsjef i Stranda, Steinar Belsby.

Fungerande rådmann i Stranda, Steinar Belsby, innrømmer at toalettsituasjonen i Geiranger ikkje er optimal.

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

– Det er offentlege toalett ved kaihuset i Geiranger, i tillegg til at kommunen har leigd inn mobile toalett som gjer at vi får nokre fleire einingar der inne, men vi kunne tenkt oss at der var fleire, seier han.

Kommunen vil no utbetre forholda.

– Stranda kommune og Stranda havnevesen arbeider med ein ny reguleringsplan for Geiranger sentrum, og i samband med det vil vi legge til rette for nye areal der vi kan legge til rette for fleire toalett, seier Belsby.

Han meiner likevel at fleire aktørar bør gå saman om ei løysing for dei dotrengde turistane.

– Det vil i så fall kunne bli eit samarbeid mellom kommunen og andre som då har interesse av turisttrafikken i Geiranger, blant anna reiselivet og næringslivet, seier Belsby.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.