NRK Meny
Normal

Dømd for å ha drukke sprit rett etter å ha køyrt over sonen med grasklippar

Ein sunnmørsmann er dømd til fengsel for å ha drukke sprit rett etter at han hadde køyrt over sonen med grasklippar i fjor sommar.

Ålesund tinghus

Sunnmørsmannen er dømd til fengsel på vilkår for å ha drukke alkohol rett etter ulykka med sonen, sjølv om han måtte skjøne at det blei politietterforsking.

Foto: Terje Reite / NRK

Det i fjor sommar sunnmørsmannen køyrde over sonen sin med grasklippar. Mannen hadde ein ATV med grasklippar, og hadde den ni år gamle sonen med seg, då han fall av og hamna under klipparen.

I Sunnmøre tingrett forklarte faren nyleg at han trudde guten skulle døy, fekk panikk og tømte i seg to desiliter rom.

Då politiet avhøyrde han seinare på kvelden, hadde han difor promille.

Fengsel på vilkår

No er han dømd til fengsel i 16 dagar på vilkår, fordi retten meiner han burde forstå at ulykka ville føre til etterforsking, og difor ikkje burde drikke. Han må også betale ei bot på 45 000 kroner, og misser førarkortet i eitt år.

I retten forklarte mannen at han var avhengig av førarkort, at det ikkje finst buss der han bur, men dette blei ikkje tatt omsyn til.

I retten kom det fram at mannen er bøtlagt frie gongar dei siste åra, tre av dei for brot på vegtrafikklova.

Sidan han vedgjekk alt i retten, slepp han med fengsel på vilkår.

Ikkje erstatning

Bistandsadvokaten la ned krav om 50 000 kroner i erstatning for sonen til mannen, men dette blei avvist. Retten viser til at kravet må ha direkte samanheng med det han skal dømmast for, vegtrafikklova om drikking etter ei ulykke, og meiner det ikkje er slik.

Ifølgje dommen klarer guten seg bra i dag og har ikkje fått varige mein.