Hopp til innhold

Får bot for karantenebrot

Politiet fekk i går tips om ein person som skulle ha brote karantenereglane etter eit utanlandsopphald. Mannen i 30-åra deltok på ein fest i Kristiansund. Han hadde kome til Noreg for fire dagar sidan. – Han har blitt meldt for brot på karantenereglane og må vente seg ei bot, seier Borge Amdam, operasjonsleiar i politiet. Det var femten andre på festen. Det er så langt ingen teikn til at mannen er smitta med korona, men politiet opplyser at dei tek brot på karantenereglane alvorleg. Bota blir på 20.000 kroner.

Kristiansund
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK