Får bli inntil vidare

Sitel Isa Adala (50) får bli i Volda og Noreg inntil vidare. Det har UDI bestemt, skriv avisa Møre-Nytt. UDI meiner passet til trebarnsmora er forfalska, men både ho sjølv og eritreiske myndigheiter seier dokumenta er ekte. Adala skulle bli sendt ut 21. desember, men no seier advokaten hennar til avisa at UDI har utsett utsendinga medan klagen på vedtaket blir behandla.