Hopp til innhold

Moldemann får 1,3 million etter forsikringskrangel

Ein moldemann får nesten 1,3 million kroner etter å ha krangla med forsikringsselskapet sitt i lang tid. Ei trafikkulykke gjorde han ufør for livet.

Norges lover

Tryg Forsikring er dømde til å betale ein moldemann langt meir enn dei først gjorde.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Det var i slutten av januar for 13 år sidan den no 50 år gamle mannen blei utsett for ei trafikkulykke. I etterkant blei han plaga med smerter i nakke, hovudpine og skuldersmerter, men ikkje meir enn at både han og legane trudde han ville kunne halde fram i arbeid.

Men slik gjekk det ikkje.

Romsdal tingrett har no slått fast at mannen har fått større plager enn først rekna med, og dermed har rett til ei utbetaling på nesten 1,3 million kroner ekstra. I tillegg får han dekt alle sakskostnader, på nesten 260 000 kroner.

Fekk først 800 000 kroner

For snart sju år sidan fekk mannen utbetalt 800 000 kroner frå forsikringsselskapet sitt, Tryg. Allereie då hadde mannen store problem med å delta på omskoleringa han hadde begynt på, trass i at ein spesialist i nevrologi nokre få år før konkluderte med at mannen kunne fungere godt i arbeidslivet igjen.

Tryg ønskte ikkje at saka skulle utgreiast på nytt, og ville heller ikkje vere med på å utsetje foreldingsfristen for saka.

100 prosent ufør

Men plagene heldt fram, og i 2014 blei mannen 100 prosent uføretrygda, utan at forsikringsselskapet ønskte å ta opp igjen saka. Dermed hamna ho i retten.

Romsdal tingrett konkluderer med at konklusjonen om at mannen kunne halde fram i arbeid, i alle fall på deltid, er feil. Forsikringsutbetalinga på 800 000 kroner i 2010 var dermed for låg, og retten meiner mannen skal ha erstatning for tapt løn i åra etter.

No må Tryg Forsikring ut med 1 268 050 i erstatning og 158 621 i sakskostnader.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL