Fant narkotika i bilen

Politiet stoppa ein mann i Ålesund sentrum for kontroll i 11.40-tida onsdag. Han er mistenkt for køyring i rusa tilstand og utan gyldig førarkort. Politiet fann også ei mindre mengde narkotika i bilen til mannen. Han blir også tatt med til blodprøvetaking og meldt for forholdet.