NRK Meny
Normal

Forren på veg til England?

Molde-spelar Vegard Forren kan ifølgje ei fanside vere på veg til Newcastle.

Vegard Forren

Ifølgje nettstaden newutd.no har Newcastle kontakta Molde-spelar Vegard Forren.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Vegard Forren kan hamne i England for andre gang i karrieren. Det opplyser sikre kjelder til Toon Army Norway. Det skriv nettstaden til Newcastle-supporterane i Norge.

Det var Romsdals Budstikke som omtalte saka først.

Vil prøve seg i utlandet

Forren har kontrakt med Molde ut året, men mykje har tyda på at midtstopparen er interessert i å forlate Molde for å prøve seg i utlandet igjen.

Molde-spelaren signerte med Southampton i starten av 2013, men returnerte til Molde allereie i juli etter å ha fått lite speletid.

Og skal ein tru nettstaden newutd.no kan Forren igjen vere på veg til England.

– No har Newcastle tatt kontakt med midtstopparen for å prøve å sikre seg hans signatur, skriv dei.

Flere nyheter fra Møre og Romsdal