NRK Meny
Normal

Fansen står i kø for å ta imot John Arne

Folk står i kø for å heie fram John Arne Riise (35), som kan kome til å signere kontrakt med AaFK rett over helga. Mange trur det kan gje Aalesund ein ny vår.

Riise

Det er mange som no ønskjer John Arne Riise velkomen tilbake til Ålesund og AaFK. Men ikkje alle er klare til å ta imot superspelaren.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Heiaropa gjallar på sosiale medier etter at det laurdag kveld blei kjent at John Arne Riise skal vere på veg tilbake til AaFK.

– Eg kan stadfeste at eg er i samtalar med @AalesundsFK. Som Hoff seier er det et par ting som må falle på plass. Brudern masar på meg, skreiv Riise sjølv på twitter laurdag kveld.

Les også:

Facebook-kommentarar
Foto: Skjermdump

Det fekk kommentarfelta til å koke.

Yesssss, blir meg ei sann fornøying, skriv ei.

Då flyttar eg tvert heim, skriv ei anna.

Har sett han på Slinningsodden då han øvde for seg sjølv, omatt og omatt...av og til med presten i mål...CLS blir flott med gode opplevingar saman med lillebror Riise, skriv Tove Wadseth på facebooksida til AaFK.

Reiste som gutar, kjem heim som menn

Riisebrørne var berre tenåringar då dei forlet Ålesund. Men i juli 2015 signerte Bjørn Helge Riise kontrakt med AaFK, og i etterkant har det fleire gongar vore spekulert i om også eldstemann var på veg tilbake. I juli sa John Arne Riise sjølv til NRK at han ønskte å avslutte karrieren i heimbyen.

Les også:

No kan det bli eit faktum.

– Brørne Riise blir ein utruleg attraksjon for Tippeligaen, skriv ein på Twitter, og får svar og smilefjes tilbake frå John Arne Riise:

– Stakkars lagkameratar.

Får framleis kritikk

Skjermdump
Foto: Skjermdump

Familien Riise har i mange år hatt eit anspent forhold til Aalesund. Då Bjørn Helge Riise signerte, skreiv storebroren på sin blogg at det var på tide å leggje feiden død.

– Sjølv om dette med Aalesund har site djupt, er det ikkje nokon grunn til å hate nokon, skreiv han då på johnariise.com.

Men det er kanskje ikkje alle som er klare for å leggje konfliktene bak seg.

– Neiånei, tidenes mest sjølvopptekne fotballspelar. Det held med ein Riise, skriv Jimmy William Fredlund, og legg til at det blir eit tap om den verdskjende spelaren kjem tilbake til fødebyen.

– Dersom han signerer sluttar eg å følgje AaFK, skriv ein annan.

Framleis usikkert

Framleis er det usikkert korvidt avtalen mellom John Arne Riise og Aalesund FK blir ein realitet. Så langt har avtalen med det utanlandske speleselskapet Betsson gjort at han ikkje kunne spele i norsk fotball, men Betsson skal no vere klare for å opne eliteserie-døra for Riise.

– Ikkje snakk for lenge, ta pennen fatt og skriv under, skriv ein mann.

– Regner med det blir stappfullt på CLS neste helg, legg ein annan til.