Etter å ha vore stengt sidan klokka 10:30 i føremiddag, blei tunnelen opna for trafikk like etter klokka 16. Då hadde vegvesenet klart spylt vegbanen så grundig, at det var forsvarleg å sette trafikken i gang att.
Trailertrøbbel
Trøbbelet for dei mange bilistane som er avhengige av ein dagopen Fannefjordtunnel, starta då ein trailer blei ståande fast nede i tunnelen. Bilen blei berga ut, men då oppdaga vegvesenet nye problem.
– Vegbanen var rett og slett så glatt at politiet stengde tunnelen for trafikk. Grunnen til at det var så glatt, er vi usikre på, seier prosjektleiar Torbjørn Vatnehol til NRK.
Etter at maskiner og mannskap hadde kosta og spylt tunnelen i fleire timar, kunne trafikken igjen setjast på for kort tid sida.
Det har vore spekulert i om saltvatn frå sjøen kombinert med olje frå asfalten, var årsaka til den glatte vegbanen. Vegvesenet vil ikkje spekulere i dette, men Vatnehol seier det ikkje har vore meir sjøvatn i tunnelen i dag enn elles i byggeperioden.
Vegvesenet skal no granske kvifor det blei så glatt i Fannefjordtunnelen i dag.