Hopp til innhold

Fann uvanleg triks for å unngå svidd rygg i solsteiken

Ved hjelp av eit uvanleg hjelpemiddel klarte voldakvinna Peggy Sætre Hove (45) å unngå raud og svidd rygg då ho var åleine heime i solsteiken søndag.

Solkrem og målarrull

Peggy Sætre Hove (45) fann råd då ho var åleine heime i solsteiken søndag. No tipsar ho andre om å gjere som henne dersom fineveret held fram.

Foto: privat

Ho gjekk like godt ned i garasjekjellaren og leita blant dei godt brukte målarsakene sine. For då verken mannen eller dei tre gutane var heime, måtte ho ty til uvanlege metodar for å få smurt ryggen då sola endeleg skein og varma skikkeleg for første gong denne sommaren.

– Eg hadde ikkje lyst å ringe på hos naboen, og ein gong såg eg eit bilde av ein fyr som rulla seg med bak med ein målarrull. Det vanskelegaste valet var å finne ut om eg skulle ta ein for glatte overflater eller ru, ler Peggy Sætre Hove.

Måla seg med faktor 30

Peggy Sætre Hove

Peggy Sætre Hove frå Volda har måla mykje heime i huset dei siste åra. Søndag fekk målarrullen ny fart på seg.

Foto: privat

Og ein glatt målarrull gjorde susen. Førskulelæraren seier ho laga seg eit depot med solkrem på låret, og fekk sausa målarrullen skikkeleg inn før ho måla seg bak med faktor 30.

– Eg har aldri nådd til der før, og har vore solbrent på ryggen fleire gongar. No er det sikkert mange andre som også har stive kroppar på grunn av kald vår, så dette er eit godt tips også til andre, seier ho.

Og seier at ho ein gong i ung alder var så solbrent bak at ho måtte sitje for å sove. Det gløymer ho aldri.

Les også:

Håper på fleire soldagar

Rullar solkrem med målarrull på ryggen

Slik rulla Peggy Sætre Hove inn solkrem på ryggen då ho var åleine heime søndag.

Foto: privat

Mange har klaga over ein begredeleg start på sommaren, men denne helga var det for første gong skikkeleg varmt og fint. No håper Peggy Sætre Hove at det skal halde.

Eg håper det, men eg har dårleg tru, medgir ho.

Trur du ikkje det blir rullever med det første?

Nei, ikkje før i midten av juli, då blir det nok varmt, seier ho. Og då vil ho fram igjen med målarrullen.

Les også: