Fann tusenvis av krill i fjøra

Familien fekk ikkje akkurat den opplevinga dei hadde håpa på då dei tok med middagen ut i fjøra i Torvikbukt på Nordmøre. I fjøresteinane fann dei store mengder død, stinkande krill.

Krill dreiv i land i Torvikbukt

Tusenvis av kril blei liggande att på stranda i Torvikbukt tysdag.

Foto: Mina Sætre
Strand med død krill

Krilen låg som eit belte over den flate fjøra.

Foto: Mina Sætre

– Eg og dei to borna mine skulle ete middag i fjøra tysdag ettermiddag, fortel Mina Sætre. – Då vi parkerte bilen slo stanken i mot oss med ein gong.

På stranda kunne dei sjå tusenvis av små krepsedyr som låg som eit belte utover. Ho skildrar lukta som ei stram lukt av gamalt fiskeslo.

Det var avisa Tidens Krav som først skreiv om familien som kom over krillen i fjøra på Nordmøre.

– Eg har aldri sett liknande, seier Sætre til NRK.

Ho fortel at beltet etter ei stund forsvann ut med floa.

Kan ha blitt skremt

Jan Einarsen

Akvariet Jan Einarsen seier han sjeldan høyrer om slike hendingar.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

–Ja, dette er definitivt krill, seier akvarist Jan Einarsen.

Han seier det er sjeldan å sjå krill på denne måten, men at fenomenet ikkje er heilt ukjent.

-Eg trur krillen har blitt jaga på land av ein fiskestim. Om krillen har møtt ein makrellstim, til dømes, så kan jo desse ha blitt skremt og dermed prøvd å rømme opp på stranda.

Han trur bølgjer kan ha ført krillen vidare opp på den flate fjøra.

Ein delikatesse

Svært mange typar fisk et krill dersom dei kjem over det. Ifølgje Einarsen er krilldyra noko av det beste fisk kan få tak i.

– Dette er jo eit herremåltid, veit du. Det er ein delikatesse for fisken å komme over noko slikt. Både makrell, sild, torsk, lyr og sei vil elske å få tak i denne godbiten.

Han seier det finst store mengder krill i havet utanfor kysten, men at mengdene er avhengig av tilgangen på plankton. Det er difor til ein viss grad avhengig av sesongane kor mykje krill vi finn.

Uansett seier han det er relativt sjeldan å sjå den på denne måten.

– Men du veit, det skjer masse spennande ting i havet som vi aldri får vite om. Vi får berre vere glade for at vi nokre gongar får vere vitne til det som skjer, seier Einarsen.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.