Fann store mengder amfetamin

Ein mann i Kristiansund er sikta for grovt narkotikalovbrot etter at politet fann 235 gram amfetamin og 60 gram hasj i heimen, samt utstyr for narkotikasal. Det skriv tk.no. Dei meiner mannen, som blei arrestert i november og framleis er i fengsel, forsynte byen med stoff. Retten er samd i at han bør bli halde innelåst for å unngå nye lovbrot.