Hopp til innhold

– Eg trudde det var rusk

Stig Ove Voll gjorde eit usedvanleg funn med metalldetokteren. Han fann eit pilegrimsmerke, som er svært sjeldan å finne i heile verda.

Stig Ove Voll med pilgrimsmerke

Stig Ove Voll trudde først at det var rusk han fann, men det viste seg å vere eit pilegrimsmerke.

Foto: Iver Brevik / NRK

Hobbyen til Stig Ove Voll er å søke med metalldektor. Då han var på helgetur i Aure, tok han med seg metalldektoren og søkte ved sjøen på garden til svigerforeldra. Han veit at det skal ha vore ei gamal hamn og ein handelsstad der rundt mellomalderen.

– Eg fann ein bitte liten ting som eg trudde var rusk eller kanskje ein liten knapp, fortel Voll.

Han syntest forma var artig og ville ikkje kaste den før han fann ut om det var noko å ta vare på. Voll tok bilete av funnet og la det ut på ei facebookgruppe for folk som driv med metalldektor. Der fekk han rask respons av folk som forstod kva det var.

Pilgrimsmerke

Pilegrimsmerket er av bronse og er forma som eit kamskjel.

Foto: Stig Ove Voll

Sjeldan i Noreg

Den to centimeter vesle tingen, forma som eit kamskjel, er eit pilegrimsmerke. Det har mest truleg hengt rundt halsen til nokon og er laga av bronse. Merket er symbolet på St. Jakob og er mest truleg frå middelalderen.

– Dette er eit pilegrimsmerket som har utgangspunkt i Spania, i Santiago de Compostela. Korleis det har hamna på Nordmøre, kan ein berre spekulere i, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad.

Han trur det er mogleg at ein person frå Nordmøre har kome tilbake frå pilegrimsreise i Spania. Ein annan teori er at det er nokon som har vore på veg til Nidaros. Det er gjort få funn av slike pilegrimsmerker i Noreg. Rinstad veit berre om eitt funn i Østfold i 2003.

Fantastisk historie

Bjørn Ringstad, fylkeskonservator i Møre og Romsdal

Bjørn Ringstad er fylkeskonservator i Møre og Romsdal.

Foto: Roar Strøm / NRK

Pilegrimsmerket vert no frakta vidare til Vitskapsmuseet i Trondheim. Eivind Luten ved Pilegrimskontoret i Oslo har jobba med historia til pilegrimane i snart 30 år. Han har sett biletet av merket og seier at dette liknar veldig på liknande funn. Dersom det viser seg å vere eit ekte pilegrimsmerke, er dette uhyre sjeldan.

– Eg vart jublande glad. Det er ei fantastisk historie. Nokon har lagt ut på vandring frå Noreg til det fjerne Spania og overlevd reisa. Slike merker er sjeldne kvar som helst, seier Luten.

Berre halvparten av pilegrimane overlevde reisa dei la ut på.

Motivert til å leite meir

Stig Ove Voll med metalldektor

Stig Ove Voll er motivert til å leite meir med metalldetektoren etter det spesielle funnet.

Foto: privat

Også Noreg hadde eigne pilegrimsmerker med motiv av Heilag-Olav. Det er gjort under 20 funn av merka frå Trondheim.

For Stig Ove Voll har motivasjonen til å leite vidare blitt endå større etter funnet av pilegrimsmerket, men rik blir han ikkje.

– Eg blir rik på opplevingar og gode historier, seier Voll.