Hopp til innhold

Smugla stoff i politi-leikebilar

Tollarar i Ålesund oppdaga rusmiddel i pakkar frå Spania. Stoffet blei smugla i politibilar – i leikebilformat.

Dop i lekebiler

POLITIBIL: Det var i desse leikebilane tollarane fann stoffet.

Foto: Tolletaten

Pakkane inneheldt 100 gram psykoaktive stoff og var postlagde til ein mottakar i Ålesund. Dei var deklarerte som "Toy box car scale". To pakkar inneheldt ein politibil i leikeformat, den tredje ein racerbil.

Kontorsjef Helen Sjåholm i Tollvesenet

FANN STOFF: Seksjonssjef Helen Sjåholm seier stoff-smuglinga vert stadig meir kreativ.

Foto: Tollvesenet

Seksjonsjef Helen Sjåholm ved Ålesund tollstad seier dei fann stoffet under ein stikkontroll:

Då vi oppdaga stoffet, tenkte vi at dette var gøymt på ein finurleg måte.

Sjåholm trur ikkje det er uvanleg at ulovlege stoff blir smugla på denne måten:

– Vi ser at folk blir meir og meir kreative når dei skjuler slike stoff.

Psykoaktivt stoff

På undersida av dei to politibilane var det festa ein pakke med 50 gram psykoaktivt stoff. Den tredje leikebilen var fylt med tolv posar ulike syntetiske stoff.

Psykoaktive stoff pakke

PAKKAR: Slik var dei psykoaktive stoffa festa til leikebil-pakkane.

Foto: Tollvesenet

Alle dei ulike syntetiske stoffa har ein stimulerande rus. Stoffa er i følgje Statens Legemiddelverk omfatta av legemiddeldefinisjonen, men er ikkje til medisinsk bruk. Dei blir difor rekna som ulovlege legemiddel.

Tollvesenet opplyser at talet på brukerdosar er ulikt for kvar av stoffa, men at ein av posane på 5 gram held til 4000 brukardosar.