Seint måndag kveld hadde jaktlaget eit godt håp om å ta ulven som herjar i saueflokkane på Sunnmøre. Jaktlaget drog ut i terrenget etter sikre observasjonar i Ramstaddalen og Søvikdalen. Men ulven er framleis på frifot.
– Vi avslutta jakta rundt midnatt utan at vi klarte å finne ulven, seier leiar i viltnemnda i Sykkylven, Kjell Perry Drotninghaug til NRK.
- Les også:
Jaktlaget på ti mann drog ut etter at det var fastslått at ulven hadde teke fleire sauer i Stranda. På eit tidspunkt var jaktlaget truleg svært nær ulven. Jakthunden, som er spesialtrent for å følgje ulvespor, var på sporet etter ulven på ei strekning på hundre meter. Men hunden miste sporet då ekvipasjen kom inn på ein grusveg.
– Bikkjene blir her i Sykkylven til eit stykke ut på dagen. Dersom det ikkje kjem nye observasjonar reiser hund og hundeeigar heim att, seier Drotninghaug.
- Les også:
- Les også:
Ulven kan bevege seg over store område. Og det er eit vanskeleg terreng å leite i. Jaktlaget treng no klare haldepunkt for å halde fram leitinga.
– Vi er heilt avhengige av at folk følgjer med og ser etter. Dersom vi skal ta opp att leitinga treng vi observasjonar som kan danne utgangspunkt for søkområdet. Vi kan ikkje berre vase rundt i terrenget, seier Drotninghaug.
Fylkesmannen har gjeve fellingsløyve for ulven i Stranda og Sykkylven.