Hopp til innhold

Fann flåttvirus i Møre og Romsdal

TBE eller Skogflåttencefalitt vart tidlegare i år oppdaga i kystnære strøk i Møre og Romsdal. – Flåttviruset kan få store konsekvensar i enkelttilfelle, seier leiar for skadedyravdelinga til folkehelseinstituttet.

Flått

TBE-virus: Etter stikkprøvetesting har ein TBE-viruset blitt oppdaga enkelte stadar i Møre og Romsdal.

Foto: Tor Saltrøe / NRK

Preben Ottesen

Preben Ottesen som er leiar for skadedyravdelinga til folkehelseinstituttet, seier ingen har døydd av TBE-viruset i Noreg hittil.

Foto: Emilie Hellberg Saksæther / NRK

– Nokon kan bli veldig dårlege og kan får permanente lammingar, seier Preben Ottesen som er leiar for skadedyravdelinga til folkehelseinstituttet.

Han seier at storparten av befolkninga, og særleg barn toler viruset godt, men at enkelte kan bli svært sjuke.

– Europeiske tal tyder på at det er opp mot ein prosent døyelegheit, men ingen har døydd av det hittil i Noreg. Det er heller ikkje kjent at det har vore tilfelle av sjukdommen på Vestlandet, berre på Sørlandet, i Vestfold og i Austfold, seier han.

Vaksinering ikkje naudsynt

Undersøkingar på sørlandet viser at om lag 0,5 prosent av alle nymfe-flått har TBE-viruset.

Ottesen seier at svært få av dei som blir biten av flått utviklar alvorleg sjukdom, og at vaksinering mot viruset difor ikkje er naudsynt for dei fleste.

– Viss ein er mykje i område kvar det er påvist TBE-virus, og ein blir ofte biten av flått så kan ein vurdere å vaksinere seg, seier han.

– Det kjem ikkje til å inngå i nokon folkehelsevaksinering, seier han.

Venta ikkje å finne viruset

Etter stikkprøvetesting har TBE-viruset blitt funne enkelte stadar i Møre og Romsdal, men Ottesen ser ikkje bort frå at det også kan eksistere fleire stader.

– Det kan nok vera både her og der, men hittil har me funne det på nordsida av Sekken. Me samla også inn prøvar oppover i Kanestraum, og der fann me også virus, seier han.

– Me har ikkje pepra heile Møre og Romsdal med undersøkingar, for i utgangspunktet venta me ikkje å finne det der i det heile tatt, seier han.